I skapelsen var barnet og mørkret.
Det lyste og lyste og lyste, til ho slo stupet, den
engelen.
Mellom alle steinar var det gråt. Ho slepte seg
bortover og løfta ein for ein medan vatnet rann.
Ja her er det ho bøyer seg som ein gud, ein ski-
nande steingud nær ein sti.
Der under ei rot, ein finger som vinkar, ein pust,
ein pust -
Eg vil -.
Dette vil eg, knuse språket i korridoren og la reg-
net regne.