Skjering med lys




(Ill:Bokforside)

 



 





DEN OPPSTADNE TALAR TIL EIN GAMAL KJENNING

I går kunne du ha narra meg,
men ikkje i dag.
Ein augneblink tvila eg
på oppstoda frå dei døde.
Men eg vil syne deg
kista mi, av stein.
Den er tung, men tom.

Saman med meg
stod orda opp,
og vindane spreidde dei
i luft, vatn og jord.

Kamerat, om du ser meg
i ei kiste på nytt
så vit at eg bedreg deg,
for kista er utan ord
og eigentleg tom.

Orda mine er i dei raude rosene
strødd på loket, eller i svart fløyel,
i desse rosene
som får mødrer til å gløyme si sorg
og bryte ut:
Så vakkert, så vakker du er.

- oversiktside...  - hør diktet...
- forrige side... - neste side...