Kraftas

side 51

 

(Ill:Bokforside)

 



 





Vintertydeleg. Snøbrunn.
Nattcellene i roleg rytme. Jagande koloniar. Eg lyftar mi
høgre hand og skriv: Loftet sin song
Ho vil ikkje halde tilbake notane. Teikna er for alle som
kan lese, lese den stumme brunnen, den nagla lovnaden.

Her er språk nok for mange liv. Her er språk nok for den
nye susinga. Overalt er opningar. Himmelen er ikkje blå
der ute, den er lynande inne.

Eg er vengjer, kviskring og latter. Eg er sverd måne og
ny.

Eg er tre søstre, eg er ein bror. Veggen har eit underleg
smil.

- oversiktside...  - hør diktet...
- forrige side... - neste side...